Frank Willy Djuvik

Fremskrittspartiets 1. kandidat i Sogn og Fjordane
Spørsmål 1
Spørsmål 2 Her er eg ueinig i premissane som Nei til EU legg til grunn i spørsmålet. Endringa i grunnlova gjeld å kunne avgje suverenitet på sakleg avgrensa område, og innmelding i EU kjem ikkje inn under den bestemmelsen. Eg meiner at medlemskap i EU skal avgjerast av ei bindande folkeavrøysting, og berre slik skal Norge kunne meldast inn i EU. Eg er for endringa i grunnlova fordi det skal ikkje være strengare krav til å inngå internasjonale avtalar enn til å gjere endringar i grunnlova. Idag treng ein 2/3 fleirtal for å endre grunnlova, men ein treng 3/4 fleirtal for å inngå internasjonale avtalar.
Spørsmål 3 Ja, samstundes som det er viktig å presisere at enkelte delar av EØS-avtalen er moden for revidering. Blant anna bør marknadstilgangen for norsk laksefisk stadfestast i avtalen slik at ikkje marknadstilgangen for laks vert brukt som pressmiddel i andre samanhengar.
Spørsmål 4 Ja, ein bilateral handelsavtale vil føre til at ein må forhandle i kvart enkelt tilfelle kvar gong det vert vedteke eit nytt direktiv, regelverk eller forordning. Dette vil føre til eit kolossalt EU-byråkrati kontra det vi har idag, og byråkrati er eg imot :-). I tillegg vil ein bilateral avtale føre til at det vert lettare for EU å stenge norske produkt ute av EU-marknaden enn det er viss ein har ein EØS-avtale i bunn.
Spørsmål 5 Nei. Eg er for konkurranse, og meiner at det er heilt naturleg at også persontrafikk på tog vert konkurranseutsett slik det er gjort på bussar, fly og andre kollektivformer. Viss ikkje dette hadde kommet frå EU, ville nok FrP uansett ha fremja framlegg om det i Stortinget.
Spørsmål 6 Ja, ein må alltid gjere vurderingar i sak til sak om dette er noko som er viktig for Norge, og om det er i innbyggjarane sin interesse å innføre regelverk. Datalagringsdirektivet (DLD) er eit godt eksempel på eit direktiv der reservasjonsretten burde vore nytta, då det svekkar innbyggjarane i Norge sine grunnleggande rettar.

Ved å holde musepekeren over enkelte elementer vi det kunne fremkomme mer informasjon.




Symbolforklaring:

Kandidaten svarer ja på spørsmålet
Kandidaten svarer nei på spørsmålet
Kandidaten svarer vet ikke på spørsmålet
Kandidaten har ikke besvart spørsmålet
En stjerne indikerer at kandidaten har gitt utfyllende svar, dette kan leses ved å velge den aktuelle kandidaten eller holde musepekeren over det aktuelle svar fra kandidaten.

Spørsmålene:

Mener du at Norge skal bli medlem av EU?
Det ligger et forslag til behandling i Stortinget om å endre Grunnlovens § 93. Dette skal gjøre det enklere å melde Norge inn i EU. Forslaget innebærer at Stortinget med 2/3-flertall, etter en rådgivende folkeavstemming, kan melde Norge inn i EU. I dag er kravet 3/4-flertall. Støtter du en slik endring av Grunnloven?
Vil du foretrekke EØS-avtalen dersom alternativet er EU-medlemskap?
Vil du foretrekke EØS dersom alternativet er en bilateral handelsavtale?
Mener du at reservasjonsretten i EØS bør brukes mot en Jernbanepakke IV som vil pålegge Norge å konkurranseutsette persontrafikken?
Bør Norge benytte reservasjonsretten i EØS mer aktivt?

Nei til EU

Storgata 32
0184 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20
  • Telefax: 22 17 90 21