Jenny Klinge

Senterpartiets 1. kandidat i Møre og Romsdal
Spørsmål 1 Senterpartiet er mot norsk EU-medlemskap og går imot alle forsøk på å fremme ein norsk søknad om EU-medlemsskap. Senterpartiet meiner at politiske avgjerder skal fattast av folkevalte i Noreg. Vi meiner det er grunnleggjande for eit demokrati at politikarar som tek avgjerder kan stillast til ansvar for politikken dei bidreg til. Vi vil sikre at Noreg sjølv kan bestemme over eigne naturressursar, matproduksjonen, energipolitikken, utanriks- og handelspolitikken og pengepolitikken.
Spørsmål 2 Ja. Senterpartiet ønskjer ei offentleg utgreiing av alternativ til EØS-avtalen, der ein ser på moglegheita for marknadstilgang utan at det går på kostnad av nasjonalt sjølvstyre.
Spørsmål 3 Nei. Senterpartiet vil erstatte EØS-avtalen med handels- og samarbeidsavtalar med EU for å sikre norske interesser.
Spørsmål 4 Ja, så lenge Noreg er ein del av EØS vil Senterpartiet arbeide for ein aktiv bruk av reservasjonsretten og utnytte dei moglegheitene avtalen gir for å ta i vare norske interesser. Noreg bør mellom anna reservere seg mot direktiv og forordningar frå EU som truar grunnleggande norske interesser eller omsynet til folks tryggleik for arbeid, helse, miljø og sikkerheit.
Spørsmål 5 Ja, fordi Senterpartiet ikkje støttar den stadig tettare integrasjonen i EUs energiunion og seier nei til EUs Energipakke 4 . Dersom Noreg blir kopla tettare på den europeiske straummarknaden, vil Noreg importere høgare europeiske straumprisar. Det vil svekke norsk industri, føre til tap av arbeidsplassar og bli dyrt for vanlege norske familiar.
Spørsmål 6 Nei. Senterpartiet støttar ikkje EUs føreslåtte direktiv om å innføre ei lovbestemt minsteløn i EU/EØS. Eit viktig prinsipp i det norske arbeidslivet er trepartssamarbeidet der partane i arbeidslivet står saman om å bygge opp og vidareutvikle eit godt organisert arbeidsliv.

Ved å holde musepekeren over enkelte elementer vi det kunne fremkomme mer informasjon.




Symbolforklaring:

Kandidaten svarer ja på spørsmålet
Kandidaten svarer nei på spørsmålet
Kandidaten svarer vet ikke på spørsmålet
Kandidaten har ikke besvart spørsmålet
En stjerne indikerer at kandidaten har gitt utfyllende svar, dette kan leses ved å velge den aktuelle kandidaten eller holde musepekeren over svaret fra kandidaten.