Margit Fausko

MDGs 1. kandidat i Buskerud
Spørsmål 1 MDG tek ikkje stilling til medlemsskap, og meiner at eit eventuelt medlemsskap må avgjerast ved folkerøysting. Skulle det bli ein slik, ville eg røysta NEI. Mat er heilt grunnleggjande. Auka sjølvforsyning er solidarisk i ei verd der matsuvereniteten blir truga av frihandel og store selskap. Eg kan ikkje godta tollfridommen på mat som EU inneber. Handlingsrommet til å heve prisen for å styrke dyrevelferd, miljøtilstand og løn til bonden og fiskaren kan me ikkje gje frå oss - snarare bør me styrke det. Importauken frå RÅK-varer og tollfrie kjøt- og ostekvoter må reverserast.
Spørsmål 2
Spørsmål 3 EØS er ikkje perfekt, men gir mange fordelar og trygg føreseielegheit for norsk arbeidsliv. Av omsyn til styringsstabilitet og kritisk behov for å fokusere kreftene på natur- og klimaløysingar er det ikkje ein prioritert sak for meg å reforhandle no. Men me bør bruke vetoretten meir aktivt, særleg i spørsmål der arbeidsrettar, sjølvforsyning og miljøomsyn er dårleg tent med EØS-direktiv. MDG vil vidareføre det grunnleggjande prinsippet om at lønsforhandlingar skjer mellom partene i arbeidslivet. Elles er me tilhengarar av sterkare samarbeid med EU på klima- og flyktningspørsmål.
Spørsmål 4
Spørsmål 5 Me meiner ACER er solidarisk og riktig. Korvidt verda klarar klimamåla er eit være eller ikkje-vere for milliardar av menneske, allereie i mi generasjon (1993) si levetid. Energisamarbeid gjer overgangen til fornybare kraftsystem enklare, og vasskraft er ein 'indrefilet' i kraftsystemet som kan hjelpe å regulere. Samstundes vil eg understreke naturomsyn går framfor lønsemd i energispørsmål for MDG, og me vil behalde norsk eigarskap over vasskrafta.
Spørsmål 6

Ved å holde musepekeren over enkelte elementer vi det kunne fremkomme mer informasjon.




Symbolforklaring:

Kandidaten svarer ja på spørsmålet
Kandidaten svarer nei på spørsmålet
Kandidaten svarer vet ikke på spørsmålet
Kandidaten har ikke besvart spørsmålet
En stjerne indikerer at kandidaten har gitt utfyllende svar, dette kan leses ved å velge den aktuelle kandidaten eller holde musepekeren over svaret fra kandidaten.