Spørsmål 1
|
Ja, på sikt. Eg er positiv til EU, men ser ikkje fullt medlemskap som ei aktuell spørsmålsstilling i dag. I eit lengre perspektiv er fullt medlemskap i EU eit naturleg alternativ til dagens ordning gjennom EØS-avtalen. Medlemskap vil gi oss endå meir påvirkning i viktige saker, og knytte oss tettare til Europa. Eventuell søknad om medlemskap må avgjerast gjennom folkeavstemning.
|
Spørsmål 2
|
Det blei gjennomført ei utgreiing i 2012. Brexit-prosessen har også synliggjort alternativa til EØS. Dei store fordelene ved EØS er kjent og dei store ulempene ved å forlate EØS er også tydeliggjorte.
|
Spørsmål 3
|
EØS-avtalen gir fleire rettar til nordmenn og kan sikre norske arbeidsplasser i mykje større grad enn ei handelsavtale.
|
Spørsmål 4
|
Vetoretten er ikkje eit mål i seg selv, men eit middel som bør vurderat opp mot konkrete saker. Det gir derfor ikkje mening å gå inn for å bruke ein vetorett i større utstrekning utan å sjå dette i forhold til spesifikke politiske spørsmål.
|
Spørsmål 5
|
Skal vi løse klimautfordringene, treng vi samarbeid på tvers av landegrenser. EUs fjerde energimarkedspakke gjer nettopp dette.
|
Spørsmål 6
|
Trepartssamarbeidet er grunnplanken i norsk arbeidsliv. Direktivet skal ikkje ramme måten vi fastset lønn i Norden. Verken partane i arbeidslivet eller regjeringa ønskjer eit direktiv som kan gripe inn i lønnsdannelsen, inkludert å svekke partane si rolle i lønnsdannelsen eller svekke insentiver til å organisere seg.
|